top of page

Kordirigent 

Kammerkoret

 

Kristiansand Kammerkor
​

Starta i 2004 og underteikna har dirigert fram til idag.

 

Musikalske høgdepunkt er opninga av Kilden Teater- og konserthus i 2012, Verdis Requiem, Händels Messias, Dobbeltmesse av Frank Martin, Faurès Requiem og Brahms Requiem. 

Duke Ellingtons Sacred Mass med Christiansand Storband og Søgne Messingensemble i 2014.

I 2016 medverka koret på plata Alle mine veier - ei Pilegrimsmesse med tekstar av Anne Kristin Aasmundtveit og musikk av Jon Kleveland, Musikkentreprenørene.

 

Me jobbar jamnleg med folketonar, der Anne Karin Kaasa og Astri Skarpengland har vore solistar. Tre år på rad har me hatt julekonsertar med trioen Raabygg og musikk utelukkande frå Agder. Dette resulterte i plata Julekvad (2019).

Kammerkoret var med i koret på Andrea Bocelli-konserten på Bystranda i Kristiansand i 2022. 

 

Dei tre siste åra har Kammerkoret medverka på Vår Jul-konsertane i Kilden saman med Kristiansand Operakor.

I 2026 gjorde me ein Vårkonsert med Joakim Bergsrønning på saksofon på Christiansholm festning, og Folkemusikkmessa Kildens Kraft med folkemusikkensemble i Lund Kirke. 

Jubilo

 

Barnekoret Jubilo
​

Eksisterer diverre ikkje lenger. Koret høyrde til i Kristiansand Frikirke i over 30 år, i ulike størrelsar og med ulike dirigentar. Eg hadde gleda av å dirigere Jubilo i 5 år, frå 2013-2018.

​

Plata "Kjærlighet er det største" vart gitt ut i 2015. Før dette gav Jubilo ut 5 plater og ei plate vart gitt ut etter 2015. Sjekk opp Spotify for utruleg mykje fin musikk for barnekor i kirka! 

 

Sølvstrupene

 

Sølvstrupene Kilden
​

Sølvstrupene er seniorprosjektet til Kilden Dialog. Nedre aldersgrense er 62 år, og det vert øvd kvar veke i Kilden Teater- og konserthus. Koret har medverka i alt frå konsertar til teaterprosjekt, juleforestillingar og allsongskonsertar i Kilden. 

Dirigentar er Anne Haugland Balsnes. Eg var meddirigent i åra mellom 2013-2018.

Ta gjerne kontakt om du vil at Kammerkoret skal komme og synge for dykk! 

Ring mobil

99797152
 

  • facebook
  • Twitter Clean
  • w-googleplus

Følg meg

© 2017 av Bodil Kvernenes Nørsett Proudly created with Wix.com
 

bottom of page