
Songar og solist
Songar i Kristiansand Solistensemble (KSE) 2006 -2018. Deltok på operaoppsetningane La Boheme (2009) og Tryllefløyten (2011) med Opera Sør. Sopransolist ved Juleoratoriet av Saint-Saëns med Kristiansand Symfoniorkester og KSE i 2016.
Sopransolist ved fleire høve med Kristiansand Domkor og dirigent Andrew Wilder, mellom anna på Faures Requiem (2008), Duke Ellingtons Sacred Mass med Christiansand Storband (2014), og Will Todds Mass in Blue med Kristiansand Domkor og Christiansand Storband (2015).
Som songar syng eg gjerne på gudstenester, møter, samlingar, eller som kulturelt innslag. Eg kan lage minikonsert eller ein konsert satt saman med repertoaret du ynskjer, med eller utan pianist.
Pianisten eg oftast nyttar er Runar Nørsett (ja, me er gift).
Me syr saman eit program du kan tenke deg. Stilmessig likar eg meg best i eit allsidig repertoarland mellom folketonar, jazz, klassiske songar og visepop. Sommaren 2016 gjorde me konsert på Sommarkilden med eige låtmateriale saman med bratsjisten Kjell Åge Stoveland. Dei siste åra har me gjort framføringar på Gvino.
Eg syng også gjerne med mine kolleger Hege Bjørnestøl Beckmann og Kjetil Høyer Jonassen.